* Widerøe har kontrakt på flygingane frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden fram til 31. mars 2016.
Flyselskapet Widerøe har fått fornya kontrakta si ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Mellom anna er det krav om minimum seks daglege avgangar tur/retur Oslo.
Vestlandet samla får ei kapasitetsauke på 19 prosent, eller 1.063 seter kvar veg. Danish Air Transport (DAT) som har drifta ruta Florø-Oslo og Florø-Bergen får ikkje lenger kontrakt på desse rutene, og dermed vert Widerøe einerådande på Vestlandet.
Stor vekst
- Vi er svært nøgde med at Widerøe får fortsette å flyge frå Hovden, seier lufthamnsjef Kjetil Aarøen.
- Men der var eigentleg ikkje noko alternativ. Skulle DAT ha overtatt, så måtte vi hatt lengre rullebane, seier han.
I ei pressemelding grunngir samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppe auken i kapasitet på Vestlandet med veksten ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.
- Det er ruta Ørsta-Volda-Oslo som står bak ein stor del av auken grunna stor trafikkvekst. Kravet til talet på avgangar vert auka frå fire til seks, og setekapasiteten vil nær doblast, seier ho.
På landsbasis har samferdselsdepartementet tildelt kontraktar på 18 regionale flyruter for perioden 1. april 2012 til 31. mars 2016 og 2017. Tildelinga har ein årleg kostnad på 380 millionar kroner.