Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Bloggar for helsefaget


* I november var 20 bebuarar frå omsorgsbustaden på tur til Ulsteinvik. Her er Camilla Kleppe Eidså og ein av bebuarane på Ulstein Quality Hotel. Foto: privat.


Som ein av ti utvalde  skribentar fekk helsefagarbeidaren Camilla Kleppe Eidså blogge om kvardagen sin i "bloggstafetten" til Helsedirektoratet.

Målet med "bloggstadetten" er å lokke fleire til å ta utdanning som helsefagarbeidarar, då det er skrikande etterspurnad etter slik arbeidskraft landet over.

Mykje bilete

I bloggen skriv Eidså om arbeidsdagane sine, og om aktivitetar som har vore tidlegare. Alle innlegga er rikt illustrerte med bilete.
- Eg føler det er lettare å nå ut til ungdommen gjennom bilete, seier ho. Eidså har arbeidd i pleie- og omsorgstenesta i Volda sidan 2008, og fekk fast jobb ved Barstadtun i fjor vår. Å skulle blogge om arbeidsdagen sin ser helsefagarbeideren på som spennande, og ho takka straks ja då førespurnaden frå Helsedirektoratet kom. Eidså har god erfaring innan formidling, sidan ho er ein del av rekrutteringspatruljen "Bli helsefagarbeider Søre Sunnmøre", saman med Yvonne Sjåstad og Jenny Jensen. Patruljemedlemmane har reist rundt i tiandeklasser og på vidaregåande skular, der dei har informert om utdanningsløpet og kvifor elevane bør velje helsefag-utdanning.

To frå Volda
Gjennom heile førre veke presenterte Eidså arbeidsdagane sine på Internett, dag for dag. Denne veka er det ein helsefagarbeider ved Byneset helse- og veferdssenter som fører stafettpinnen vidare, før bloggen på nytt får Volda-innhald. Av ti utvalde skribentar frå heile landet så kjem to frå Volda!
- Eg har innhenta løyve til å nytte foto i bloggen min frå brukarar og pårørande. No vonar eg lesarane av bloggen ser kor kjekt vi har det, og bestemmer seg for å arbeide innan helsefag, seier Eidså smilande. Ungdom som vil bli helsefagarbeidarar må fyrst søkje seg inn på VG1 helse og sosial på vidaregåande, og gå vidare på VG2 helsefagarbeider. Deretter fyl to år med læretid. Men Eidså poengterer at det fins fleire måtar å bli helsefagarbeider på. Det er mogleg å ta studiet på kveldstid, gjennom vaksenopplæringa eller som privatist.
- Eg vil anbefale folk som arbeider innan helsefag, og som ikkje har formell kompetanse, om å vurdere desse moglegheitene. Når ein kan vise fram bevis på oppnådd kompetanse vert lønna høgare, minner helsefagarbeideren om.  

Mange moglegheiter
Eidså held fram at helsefagarbeidarane kan vidareutdanne seg innan mange ulike område. Det er til dømes mogleg å ta vidareutdanning innan psykiatri, rus, geriatri, rehabilitering og kreftomsorg. Ein helsefagarbeider kan dessutan arbeide innan eit vidt spekter av arbeidsplassar, til dømes ved omsorgssenter, i heimeteneste, på sjukehus eller rehabiliteringssenter, i psykiatriteneste, tenesta for funksjonshemma eller ved dagsenter. Til og med skule og barnehage kan ha god nytte av helsefagarbeidarar.
- Vi arbeider med menneske frå 0-100 år, seier Eidså forklarande. Dei som vil bli helsefagarbeidarar må vere omsorgsfulle, sosiale og utadvende, og i følgje Eidså er det òg ein fordel å vere kreativ. Arbeidet går i turnusar, og det er gode høve til å finne den arbeidstida som høver best for kvar enkelt.  

Kjekk jobb
- Det er ein utruleg kjekk jobb. Eg går alltid heim med eit smil om munnen. Gjennom arbeidet får eg nytta kreativiteten min; vi gjer alt for at brukarane skal kose seg og ha det kjekt, forklarer helsefagarbeideren. Gjennom ulike aktivitetar prøver Eidså å halde brukarane i form. Desse aktivitetane er dessutan sosiale og bidreg til å gi brukarane meiningfulle dagar. I bloggen kan ein mellom anna lese om bakedagar før jul, og utflukter til stader i nærleiken.
- Vi reiser på utflukter om lag ein gong i månaden, og då er vi så heldige at Tide Sjø sponsar både sjåføren, bensinen, ferjene og autopass-passeringane, i dei tilfella der vi nyttar sjåfør frå dette selskapet. Utfluktene er dyre i seg sjølv, så dette er vi svært takksame for, slår Eidså fast.

Høner og kaniner
I tillegg til dei større utfluktene, arrangerer også helsefagarbeidarane "lågbudsjettsaktivitetar" i nærområdet kring omsorgssenteret. Ved Barstadtun har bebuarane tilgang på ein sansehage, og der bur både høner, gullfiskar og kaniner.  I bloggen til helsefagarbeideren er mange aktivitetar skildra, slik som gode heimelaga måltid og den sedvanlege onsdagsbowlingen i gymsalen.
For å lese meir om dei innhaldsrike og kjekke dagane til helsefagarbeidarane i Volda kommune, klikk deg inn på http://kampanje.helseogsosialfag.no/
Publisert dato:
fredag 20. januar 2012, klokka 15.59.42
Sist endra:
fredag 20. januar 2012, klokka 16.03.30
Artikkelforfattar:
Liv Jorunn Nyhagen
Synspunkt på artikkelen?
red@mre.no