Til helga er det stor nyttårskonsert med Symfoniorkesteret ved
Høgskulen i Volda. Saman med to heimvende solistar og sin nye dirigent
Øyvind Johan Eiksund vil dei skape ein nyttårskonsert med feststemte
tonar.
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda teke opp att
tradisjonen med nyttårskonsert. Laurdag 21. og søndag 22. januar spelar
dei konsert i Berte Kanutte-bygget ved Høgskulen i Volda.
Nyttårskonserten har vore ein fast tradisjon for orkesteret, men har av
ulike årsakar ikkje blitt arrangert dei siste to åra. Til helga vert
han teken opp att, med stor iver og spilleglede. Med på laget har
orkesteret fått sopran Karen Rosenberg Olsen og tenor Lars Ivar Nordal.
Saman ynskjer dei å gi sitt publikum ei storslagen musikalsk feiring av
det nye året.
Heimvende solistar
Karen Rosenberg Olsen er fødd og
oppvaksen i Ørsta. Musikk og teater blei tidleg ein viktig del av livet
hennes. Som femåring starta ho som fiolinelev på Ørsta kulturskule, og
då ho starta på musikklina ved Volda vidaregåande skule kom interessa
for klassisk song. Det var skulens musikkproduksjonar som vekte
lidenskapen for livet på scenen.
Etter vidaregåande drog Karen til
Oslo for å studere musikkteater ved Baardarakademiet og seinare klassisk
song ved Barratt Dues musikkinstitutt. Som songar har ho hausta mykje
ros og mottatt fleire prisar og stipend, og tatt meisterklasser med
mellom andre den kjende songaren Elisabeth Norberg-Schultz. På
nyttårskonserten vil ho mellom anna framføre den kjende Latterarien frå
Flaggermusen av Strauss d.y.
Lars Ivar Nordal kjem frå Volda. Også
han starta si musikalske karriere på musikklina ved Volda vidaregåande
skule. I 2004 begynte han på utdanninga si som klassisk songar ved
Griegakademiet i Bergen. Sidan 2006 har han studert ved Hochschule für
Musik „Hanns Eisler“ i Berlin, avbrote av eit utvekslingsopphald i Paris
2010-2011.
Lars Ivar har vunne fleire prisar både nasjonalt og
internasjonalt, og har sunge mange store roller ved ulike
operaoppsetjingar. I Volda har han tidligare vore solist i blant anna
Händels Messias og Mattheuspajonen av J.S. Bach. På nyttårskonserten vil
han mellom anna framføre ein arie frå Elskovsdrikken Donizetti. Vi vil
også få høyre dei to solistane i den vakre Lippen Schweigen frå Lehars
Den glade enke, og eit anna festleg nummer mot slutten av konserten.
Fra kor til orkester
Orkesteret
har nyleg fått ny dirigent, Øyvind Johan Eiksund. Han er
doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda, der han forskar på kor og
korverksemd på søre Sunnmøre. Han har sjølv sunge i kor heile livet og
er i dag medlem av mellom anna koret Skruk. Tidlegare han Øyvind også
studert fiolin ved Griegakademiet i Bergen og har også lang fartstid som
orkestermusikar i det lokale musikklivet.
Dirigentpinnen overtok
han før jul og byrja innøvingsprosessen fram mot nyttårskonsert. Øyvind
er en person med engasjement og lidenskap for musikk. Han ynskjer å
løfte orkesteret så høgt han kan, og har ambisjonar om å være med på å
skape mykje god musikk og gode opplevingar både for musikarar og
tilhøyrarar.
Wienervalsar, operettar og britisk pomp og prakt
Det er eit feststemt og iøyrefallande repertoar orkesteret vil presentere denne helga. Frå den lettbeinte Offenbach går vegen til valsekongen Strauss, og vi får mellom anna høyre den kjende valsekavalkaden «Rosen aus dem Süden». Ein annan Strauss-slager, som også er kjend frå nyttårskonserten i Wien er «Radetzky-marsj». Etter ein snartur innom Russland og den smektande Lenskis arie frå «Eugene Onegin», går vegen til Franz Lehars «Den glade enke». Frå denne operetta får vi høyre den kjende Vilja-lied og Lippen Schweigen.
Det store løftet denne nyttårskonserten er den erkebritiske marsj i D-dur frå Edward Elgars «Pomp and Circumstance». Dette er eit stort verk som stiller store krav til både storleik og dugleik til orkesteret, og som er udødeleggjort gjennom BBCs «Last Night of the Proms».
Som det høver seg ynskjer også orkesteret å avslutte konserten med eit smell, men for å finne ut kva dette er må du møte opp sjølv. Vel møtt til konsert.