Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Let seg ikkje stoppe av kreftdiagnose



Sondre Sæther var med i Voldacupen trass den alvorlege diagnosen.

I helga: Det var litt meir spesielt å vere med på Voldacupen for Sondre Sæther, enn for dei andre. I oktober fekk Sondre Sæther vite at han hadde lymfekreft.

Laurdag spelte Sæther for herrelaget til Møre Folkehøgskule, trass i den alvorlege diagnosen.
- Då eg fekk diagnosen, bestemte eg meg snart for at eg ikkje skulle bli liggjande å sløve på sofaen, fortel han. Han fortel at han alltid har vore aktiv, og at det å kunne halde fram med det, har vore veldig viktig for han. - Dei fleste som får lymfekreft i min alder blir friske att. Så lengje eg tek visse omsyn, så trur eg det går bra, seier han vidare.

Han fortel at legen var noko negativ til at han skulle halde dette aktivitetsnivået. - Eg sa til han at det fekk vere mitt problem.

Støtte frå medelevar
Sæther går på Møre Folkehøgskule, og må balansere skulegangen med kreftbehandlinga si. Kvar andre veke får han behandling i Oslo, og er då på skulen i ei veke om gongen.
- Når eg har spela fotball, har eg alltid vore den siste som gav meg, men no må eg finne meg i å vere den fyrste. Det er litt dumt, fortel han. Han seier at han har fått mykje støtte både frå medelevar, lærarar og tilsette på skulen, og dette er han svært takksam for.


Publisert dato:
måndag 23. januar 2012, klokka 18.10.24
Sist endra:
måndag 23. januar 2012, klokka 18.16.37
Artikkelforfattar:
TORFINN MADSSEN
Synspunkt på artikkelen?
red@mre.no