
* Stillas har kome opp og eternittplater skal fjernast.
Mange trudde renovering av det brannherja rådhusbygget var starta sidan stillas har blitt sett opp rundt bygget og arbeidarar er i fullt arbeid.
- Dette er ikkje tilfelle, stadfestar leiar i eigedomsavdelinga Knut Innselset. - Dei er derimot i gang med å fjerne eternittplater som inneheld asbest.
Ikkje politisk handsama
Det har ikkje vorte vedteke om rådhusbygget skal renoverast eller rivast. Som Møre har skrive før så dekkjer forsikringsselskapet berre renoveringsarbeid sidan betongkonstruksjonen ikkje er skadd. Saka er ikkje tatt opp til politisk behandling i kommunen og det er usikkert kva utfallet blir. Det vert økonomien i kommunen som bestemmer.
- Ideelt sett er det nok best å rive, meiner Knut Innselset. - Bygga har blant anna ulike etasjar. Ved renovering er bygging av heis og nytt ventilasjonsanlegg likevel påkravd.
Eternittplatene må fjernast uansett utfall, difor er det arbeidet i gong.