
Dei siste kveldane har det vore stor nordlysaktivitet i Volda og Ørsta. Det er sjeldan det kan opplevast så sterkt som dette og lesarane våre har blitt inspirert av naturfenomenet til å sende inn foto og frå Oddbjørn Flø har vi fått fotoet over.
Nordlyset høyrer vanlegvis til litt lenger nord i landet, men framover vil det vere gode sjansar til å få nyte synet av det også lenger sør. Solaktiviteten har ein syklus på 11 år. No er syklusen inne i ei periode der aktiviteten er på veg opp, og dermed vil nordlyset kunne verte allemannseige.
Aurora polaris
Aurora polaris (polarlys) er eit fysisk fenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladningar som slyngjer elektrisk lada partikla mot jorda. Partiklane er elektronar og protonar som dannar lys når dei kolliderer med gassane i atmosfæren. Polarlyset finn ein vanlegvis i ei høgde på mellom 90 og 180 kilometer over bakken. Fenomenet kan observerast på nattehimmelen i eit belte rundt dei magnetiske polane. Polarlys viser seg som eit bølgjande lys som varierer i både form, farge og styrke, frå mørkeblå, innom grøn og gul, til raud og oransje.
Polarlys på den nordlege halvkule kallast aurora borealis ("morgenrøden i nord") eller nordlys, mens polarlys på den sørlege halvkule kallast aurora australis, eller sørlys (kjelde: Wikipedia)