Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Slagkraftig nyttårskonsert


* Salen i Berte Kanutte-byggjet var fullsett.

I helga har Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda arrangert to nyttårskonsertar. Det nye året vart spelt inn med orkestermusikk av høg kvalitet.

Publikum strøymde til for å høyre symfoniorkesteret sine nyttårskonsertar. Dette var dei fyrste konsertane med den nye dirigenten, Øyvind Johan Eiksund, og dei skapte god stemning frå første note. Orkesteret hadde fått med to framifrå solistar til konserten, Karen Rosenberg Olsen og Lars Ivar Nordal. Konserten var delt inn i to økter, med ei lita pause mellom.

Byrja sterkt
Orkesteret byrja sterkt med to stykkje av Jacques Offenbach, som dei framførte med stor presisjon og energi. Deretter fekk publikum høyre eit stykkje av Johann Strauss, med Karen Rosenberg Olsen som solist. Her gav Olsen ein uttrykksfull og elegant framføring. Den neste songen var eit stykkje av Gaetano Donizetti, der Lars Ivar Nordal var solist. Også han gav ei strålande framføring.

Engasjert publikum
Den andre halvdelen av konserten byrja med eit stykkje av Strauss, «Radetzky-marsj». Dette var svært populært hos publikum, og dei engasjerte seg i marsjrytmen med taktfast klapping, oppmuntra av dirigent Eiksund. Eiksund fortalde mange av historiene som songane skildra. Ein song fortalde om sjalusien mellom to venner over ei kvinne, medan ein annan fortalde om elskhugsdrikkar og klasseskilje. Dei to solistane framførte både kvar for seg, og saman i duett.

Reaksjonane frå publikum var svært positive, og det blei kravd ekstranummer frå symfoniorkesteret. Sverre Nesdal og Oddvar Øyehaug var blant publikum, og dei tykkjer det er flott å sjå at nye talent tek over.
– Det er flott å sjå på at pensjonerte musikarar kan setje seg blant publikum medan unge og flinke musikarar kjem til, seier dei.

Ekte orkestermusikk
Øyvind Johan Eiksund byrja som dirigent i symfoniorkesteret rett før jul, og konsertrepertoaret blei øvd inn i løpet av jula og januar.
– Vi har fått både solistar og repertoar frå øvste hylle i kveld, slår han fast. Han meiner dette er ekte orkestermusikk, og at repertoaret like godt kunne vore spelt i nesten alle europeiske byar.
– Særleg songen «Pomp and Circumstance», av Edward Elgar, har vore eit stort løft for orkesteret. Det er eit teknisk svært krevjande stykkje, fortel Eiksund. Han ber dei som er interesserte i å halde seg oppdaterte om orkesteret om å vitje den nye nettstaden deira.
Publisert dato:
fredag 27. januar 2012, klokka 15.43.41
Sist endra:
fredag 27. januar 2012, klokka 15.54.15
Artikkelforfattar:
Torfinn Madssen
Synspunkt på artikkelen?
red@mre.no