Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Gull gav sydentur


* Gullspesialist Kalle Sormunen. I dag vitjar gullspesialisten Ørsta.

Eit 20-tals personar møtte fram for å bli kvitt gamalt gull då gullspesialist Kalle Sormunen frå GullAdam vitja Volda. Ei kvinne sikra sydenturen.

Gullprisen er for tida historisk høg, og det kan vere store verdiar som ligg gløymt i skuffer og skap. GullAdam er stadig på jakt etter å kome i kontakt med folk som vil selje smykker dei ikkje lenger brukar. Verksemda annonserer breitt i media, og i tillegg sender dei rundt sine gullspesialistar i Noreg, for å møte folk der dei bur. Torsdag og fredag førre veke var turen komen til Volda.

- Kunne vore fleire
Gullspesialist Kalle Sormunen hadde lange dagar ved Volda turisthotell, der han tolmodig har venta på gullseljande voldingar. Totalt kom det eit 20-tals personar innom i løpet av dei to dagane.
- Oppmøtet kunne nok ha vore betre, seier Sormunen, men legg til at vêret nok må ta noko av skulda for eit litt labert oppmøte. Sormunen held fram at dei som tok turen, ikkje gjekk skuffa heim.
- Torsdag kom det ei kvinne innom og ville selje nokre gamle smykker. Ho skulle bruke pengane på ein ferietur, og fekk nok pengar til å dekkje ei reise til Thailand, seier Sormunen med eit smil.

Store verdiar
 Sormunen held fram at mange kjøper seg flatskjerm eller dyre kle for pengane dei tener på gamalt gull.
- Ein gong vi var i Kristiansund kom det inn ei eldre kvinne saman med dottera si. Kvinna hadde opphavleg tenkt å kaste dei gamle smykka sine, men dottera hadde overtalt ho til å selje dei i staden. Ho gjekk heim 100.000 kroner rikare, seier gullspesialisten.  Det er ikkje berre i Kristiansund at gullseljarane har gått heim med store verdiar. Molde er òg ein bra by å drive gullhandel i, skal vi tru Sormunen.
- Sist vi var i Molde fekk vi kjøpt mykje gull. Men kor mange som kjem innom er veldig vêravhengig, fortel han.
Publisert dato:
onsdag 22. februar 2012, klokka 11.57.37
Sist endra:
onsdag 22. februar 2012, klokka 12.42.43
Artikkelforfattar:
Liv Jorunn Nyhagen
Synspunkt på artikkelen?
red@mre.no