Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Ny rekord av «Linka»

(NPK-NTB): Linn-Kristin Riegelhuth Koren skaut heim målrekorden i Larvik onsdag. Etter 27- 21 over Tertnes har ho 1287 seriescoringar for LHK.

Riegelhuth Koren tok den åtte år gamle bestenoteringa til Lina Olsson Rosenberg. «Linka» sit no med alle scoringsrekordane så langt i Larviks historie.

Skal du bli ein farleg norsk handballspelar, er ikkje namnet Linn så dumt. Onsdag møttest dei tre mestscorande i eliteserien så langt denne sesongen, alle med same fornamn. Etter kampen er dette scoringsstillinga:

Riegelhuth (96)

Linn Gossè, Tertnes (96)

Linn Jørum Sulland, Larvik (95). (©NPK)

Publisert dato:
onsdag 22. februar 2012, klokka 20.45.17
Sist endra:
onsdag 22. februar 2012, klokka 20.45.18
Artikkelforfattar:
espen.hartvig@ntb.no
Synspunkt på artikkelen?
red@mre.no